søndag 29. juli 2012

Siste del av ferien!


Det vart to døgn i Eggøyo, ein fellestur med Hortensfolket til "Brokjo" og stangfiske, veldig kjekt, her var det napp på nesten kvart kast, makrell eller lyr!

Fredag splitta med lag, far og eldste sønn gjekk sørover for å rekke starten på Hidleseilasen, dessverre vart dette ein kjedlig affære, nesten utan vind, men med bøttevis av vatn frå oven. Me avkorta ved Hidle, men me klarte berre såvidt å rekke makstida som nest siste båt, dog einaste med kalesjen oppe;) 3 timar frå Ystøya til Hidle er ein frustrerende øvelse i tolmodighet, men med Amund nede kjempefornødd fordi han fekk sjå så mykje film han ville holdt me ut. Kl 22 klappa me til Kai i Fjelberg. Dagen etter vart det knallver og me fekk ein super kryss heim igjen i shorts, men varm jakke måtte til.

Alt i alt ein veldig kjekk tur, mest for at det var fyrste far og sønn regatta, litt roring på veg heim var flott, tolmodigheten på dekk er stigande, så dette er lovande;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar