onsdag 11. juli 2012

Skånevik!

Etter to rolege døgn på Romsa tok med den lenge tiltenkte turen innom Skånevik og Peparen. Med nyleg gjennomført Blues festival antok me at det var god plass no og når vêret vart heilt fantastisk såg me for oss det gode liv på Peparen, den litle øya med badestrand og stupebrett.

Dagen vart fantastisk, svetten rann etter at gennakeren vart satt utfor Romsa og me seig innover i 2 knop. Vel fortødd med smeltande is i nevane tok me i mot dei gode naboane igjen, veldig kjekt! Dagen gjekk til strandliv, jollekjøring ned tube før me avrunda besøket på Peparen med grilling!

Tirsdagen rann med tungt skydekke, men varmt nok til middag utom hus på veg heim. Uansett bar det no heimover for pakking og avreise til Danmark. Båtferie del 1 vart fantastisk mykje betre enn venta, vêret e ganske avgjerande på båttur med barn ombord!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar