tirsdag 3. juli 2012

Småservice før ferien!



Ferien står for døra og blir det bra langtidsvarsel frå helga av skal me på langtur, kanskje heilt til Danmark! Då er det sjølvsagt ekstra viktig å ha ting på stell!

Etter at no eksosbend og kjøleveska er skifta samt olje og drevolja tidlegare i år, gjenstod sjekk av dieseltank, grov-og finfilter for diesel. Skifte av innsats i finfilteret samt bytte av impeller og stramming av dei to reimene samt sjekk av reservedelslageret der det stort sett er dobbelt av alt;)

Avreise er planlagt i løpet av kommande lørdag om alt går bra i halvtårsrapporteringa på jobb. Singlehanded til Sørlandet blir spennande så kjem mor og barn ned med bil. Derfrå vil vèr og vind bestemme resten av ferien, slik er det å være seiler! Men er det skikkelig bra forhold så går me for Thyborøn og Limfjorden. Med berre tre veker båtferie er sannsynligheten stor for at me må legg igjen båten på Sørlandet for å rekke flyet til Nord-Norge, men det har me ei løysing for det så ingen problem. Om så skjer og det er go`ver etter ferien har eg ordna meg litt fri i 5. veka og hoppar av på Gardermoen og tar buss til Sørlandet og så singlehanded heimigjen også, eller så kan jo kjentfolk gje ein lyd om dei har lyst til å vere med, returen heim vert enten i perioden 25.-29. juli, eller 6.-8. august med værforbehold sjølvsagt!

Nei, no kan ferien berre komma:) Det blir mykje båt i år, kanskje nokre dagar i svigers NB820 i Nord-Norge også:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar