tirsdag 7. august 2012

Fin tur på fjorden!

I dag var det sesongstart for haustens åtte tirsdagsseilasar og med nybåten til Jan og Nina, X-332 og Sirupen til Ole Jacob og Åsa, Bav 34 stilte 8 båtar til start. Med hhv 3. og 4. plass for nykomlingane vert desse å regne med utover, det er ingen tvil om:)

For anledningen hadde FRI, Davide og kammeraten Paulo samt faderen som mannskap. Ein fin start vart ødlagt av ein litt for ukonsentrert rormann som lot lobåtane gå forbi på oversida, fyrst den raskare Salona 37en og så mista me vinden og resten av bølingen kom sjølv om ikke alle kom forbi sleit me kraftig i dag med båtfart og flyten i seilinga. Me burde prøvd eit rev som Salonaen gjorde og kjørt meir trykk i storseilet, men lot det stå til...

Me ser igjen at det er på kryssen det er vanskelig å få fart og dermed høyde, på unnavind syns eg båten går fint, men med sjølvslåar og standardstorseil i dag er det håp om større forbetringar med nystoren og 3aren, men lite seiling i år hjelper heller ikkje. No må regattaseila på og det trengs ein trimmetur og 3 for å få godfølelsen igjen, ellers er båten utrulig grodd til å vere nysmurt i april. Eg sitt med følelsen av at VC17 vert dårligare og dårligare for kvart år... Berre å finne fram våtdrakta...

Vel, med 7. plass av 8 båtar kan det nesten berre gå ein veg, men det var ein fin tur på fjorden som me pleier å sei når det har gått dårlig på regattabanen:)

I den ustabile vinden tok ingen fram gennakeren/spinnakeren, me hadde Code 1 på dekk, men det hjelper jo lite... Igjen ei feilvurdering, det såg ut til at det vart skarp kryss på slutten når det vart verkeleg lett vind, men det viste seg at me fint kunne stått opp med Coden...

Fint driv med Code 1 i lett vind

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar