søndag 19. august 2012

Litle FRI og "høydetrening"

Seint lørdag satte me endelig Litle FRI på sjøen, litt meir interesse i år enn før og då står det ikkje på far.

Etter søndagsturen på sykkel satte eg og karane seil i Litle FRI, fyrst ein tur innom OJ i håp om at Lærlingen deira var i bruk, så ut i fjorden før me gav oss mens leken var god, treng ikkje seile i timevis, ein time var passe, veldig bra Amund styrte heile vegen og fann fort ut fin kurs mot vinden. Ola ville ikkje denne gongen, men det kjem. Han var fokkeslask og laga mange flotte knutar på alle taus han fann;) Veldig kjekk tur

Seinare på kvelden vart det tid til litt "høydetrening". Det blir nærmast ingen tid til prøving og feiling. Enten er det regatta eller så er det familieturar. Eg hadde lenge tenkt å prøve effekten av "løygang" i lett vind. Det var perfekte forhold i dag med ca 2-4 ms. Litt liten tid vart det, men ca 2 grader ekstra høyde utan å miste fart var resultatet av meir twist i fokk og storseilet. No gjenstår det å bli enig om løysing. Løygang eller noko mikkmakk for å dra inn bommen i lett vind...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar