søndag 14. oktober 2012

Minusgrader!

Me klappa til kai på Husnes lørdag kl 15 og oppdaga at senteret stengde allerede kl 16, men Peppes var sjølvsagt open så me fekk ete oss gode og mette før me gjekk ned i båten og såg på TV resten av kvelden...

Me har som prinsipp å aldri sove med varmaren på, planen var å ha på ei vifte om natta så det ikkje skulle bli margekaldt, men vifta låg heime så det var bitkladt å stå opp å få satt på varmaren om søndagsmorgonen. Når me kom ut og såg all rimen på bryggene og den frosne vannslangen forstod me at det ikkje var så rart at det var iskaldt i båten:) Men varmaren e super og veldig effektiv ette at eg bytta til tjukkare slangar samtidig som eg isolerte dei, med litt kaffikoking på komfyren hadde me fort nærmare 25 grader inne og med den like supre lufttørkaren på den siste veka var båten knusktørr før avreise (dyner og alt ligg klar i båten). Me har aldri overnatta alle i båten i minusgrader, men mor vart ikkje skremt og syns me kan ta fleire slike turar når komforten er som heime...:)
Etter frokost søndag fekk me oss syklar og sykla opp til starten på løypa til Mjelkhaug, 1000 moh, me gjekk ikkje langt og rasta i skogen før tregrensa, kjekk tur som passa med ein litt tidlig avgang. Heimover seilte me platt lens i mellom 5-7 knop, ein knallseilas i ekte haustver, det er noko heilt eget med den sylskarpe sikten og fargene denne årstida har å by på...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar