onsdag 7. november 2012

Baneseilas for TV-aksjonen og Amnesty

Etter premiefest lørdagkveld på BlåTime var det dags for årets aller siste seilas, baneseilasen til inntekt for TV-aksjonens formål, i år Amnesty!

Heile 9 båtar stilte til start og eg hadde for anledningen med søster og Leif Rune. Det vart ein flott dag, dessverre litt lite vind som gjorde at Gunder ikkje vart optimalt, men unasett er Gunder det einaste rette på baneseilasar. Det gjer spenninga mykje større og det går ann for folk på land å fylgje med, overraskande mange fulgte seilasen frå moloen, og mange ytra at dette var veldig kjekt å følge med på. Enkelte måtte attpå til ringe heim å utsette middagen fordi det var så spennande å sjå på iflg Tørres og Ole Jacob som igjen gjorde ein framifrå jobb som arrangør.

Me vart nr. 6 av 9, ikkje så bra, men gode båtar føre oss, det skal vere sagt. Me burde holdt Silje i den lette vinden sjølv om dei har fordel av Genoa 1, rullegennakeren var tatt inn i varmen igjen etter lørdagen og fungerte flott, men i så lett vind er duken for tjukk. Hadde me vore 3 som kunne drillen med gennakersetting og berging hadde me nytta den store gennakeren, men med søster og Leif Rune kun ville det gitt utfordringar, no rulla med den berre inn og la den ned på dekk på kryssleggende og drog den opp og rulla ut, det gjekk fint. Storm og Silje gjorde det enkelt og gjekk kun med genoa 1 og det var rasjonelt, om enn litt kjedlig...:)

Eg såg no problemet frå dagen før, det blir for liten klaring oppe og treff ikkje kappa i toppen på gennakeren akkurat midt mellom rulla på fokka oppe og innløpet til gennakerfallet som er nokre cm over innfestinga til forstaget så blir det kluss. Då rullar gennakeren berre nede, oppe går det ikkje rundt og presset blir større og større, til slutt slurer rulla nede og vaser til rullelina. Står ein då i cockpit, må rullelina samlast saman, den må tas med fram og ein må henge framfor rullefokka og få dratt rundt lina x-antall gonger rundt gennakeren. Langt fra optimalt.

Det eg såg på søndagen var at rullar ein inn nokre omdreiningar og så gir gennakeren ein push framover så kjem den oppe, då kjem den akkurat nok ut til at presset rullar den oppe også og trykket forsvinn, gjer ein dette eit par gonger når ein rullar inn går det fint, men her må det meir forskning til, det er ikkje slik det skal vere, men det er ein kjent problemstilling at rullegennakerene kjem for tett på forstaget til at dette fungerer optimalt, spesielt med nylon seil, har ein aramidseil trengs mindre plass og det rullar mykje finare, eg har i tillegg ekstra tjukk duk og det gjer nok saken enda verre...

Vel, seilasen var fin og blei siste tur på fjorden, no er seila tatt av og heim og båten ligg med cockpitkalesjen på, planen er å få på preseningen, men ekstremt travle tider har ikkje gjort det mulig enda. Fekk no endelig tatt heim gummibåten og LitleFRI på søndag...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar