fredag 1. februar 2013

Vintertur til Fjeldberg!

Samboer og barn er på reis og kva er då meir naturleg enn å kaste loss å legge ut på vintertur med båten? I fantastisk vinterver seilte eg over fjorden til Fjeldberg i det sola gjekk ned over SøraBømlo!

Skyfritt med fantastisk vakre Folgefonna i sikte og med 2-5 m/s vind og fin båtfart på opptil 6 knop vart det ein magisk tur som får meg til å lure på kvifor nesten alle, også me, lar båten ligge om vinteren! Turen over gjekk nesten for fort sjølv om det vart kjølig når mørket kom sigande.

Svaret får eg antakelig i morgon når eg skal heim og det er meldt stiv kuling! Brrr, men den tid og den sorg, vel fortødd har eg den perfekte idyll ombord med 22 grader, TV og god mat og drikke. Nett som heime ein fredagskveld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar