mandag 22. april 2013

Ein tur til Fjordsailing!


Fjordsailing hadde messe på LitleBergen i helga med mange spennande båtar som eg ikkje har fått sett enda.  Fleire år sidan eg var på båtmesse sist. Dette kombinert med at det passa fint å planlegge Norges første Hansetreff samtidig gjorde at Leafen fekk seg ein langtur til Holsnøy med heile familien!

Dehler 38 var rykende fersk og nettopp seilt opp frå verftet, den ser fantastisk ut utvendig. Smart løsning for tre kabiner, men June syns ikkje noko om den innvendig og eg syns også det er litt lite plass til å vere ein båt til 1,5-2,0 MNOK. Slik er jo nermast uungåelig i ein performance båt vs pris.

Eg antar at ein aldri så liten prøveseilas hadde gjort heilt om på inntrykket. Båten såg iallefall ekstremt rask ut, der den låg å nappa utolmodig i fortøyningane:) med karbonmast etc. Sjølv om finishen på innredningen no liknar mykje på Hanse sin (som no gjengs er mange hakk over vår) syns eg finishen utvendig var slik eg alltid har opplevd Dehler, strøken:)

Endra modus:
Kanskje er det noko med alderen, men hadde me vore i båtbytte-modus no så trur eg det hadde blitt ny turbåt heller enn performance båt. Regattaiveren er dessverre dalande, eller det blir litt feil å sei det slik, men higen etter å komme oppover på listen er ikkje like stor, eg har nok byrja så smått å ta innover meg at det ikkje blir nok tid framover til å satse skikkelig og slik halveis satsning som det har vore til no har ikkje gitt gode nok resultat til å forsvare investeringa sjølv om me periodevis har seilt bra, som i 4. plassen i Seilmakeren og 6. plass i Bergen Singlehanded viser.

Nei, Hanse 385 hadde komme høgt på lista, den er stor nok til å virka gedigen i forhold til den me har i dag og prismessig spiselig uten at eg har regna nøye på det. Det er dog heilt unødvendig for det blir ingen ny båt dei neste 5 åra iallefall etter leilighetskjøpet på fjellet:)  og 350en er ein veldig flott båt for oss i mange år, enda.

Hansetreff:
Eg og Stian Haukaas starta Hanseklubben i 2011, men har ikkje tatt oss tid til å utvikle denne meir enn at det har blitt etablert eit forum samt det formelle med org.nr og bankforbindelse, epost system mv. No har eg funne ut at heller enn å satse på Seilmakeren i år vil eg bruke litt tid å sjå om det går ann å få til eit Hansemiljø i Norge. Me satsar derfor på eit Hansetreff, Norges første første helga i Juni, det blir spennande å sjå kva me får ut av dette, ei fin turhelg håpar me uansett på at det blir:)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar