tirsdag 7. mai 2013

Årets første Tirsdagseilas!

Vedran tok ikkje skrekken og vil vere med neste gong også:)
Mojo kom fælt på kryssen, men det holdt likevel i dag!
Til slutt kikka sola fram også, nydelig dag på sjøen!
8 båtar stilte til start i årets første Tirsdagseilas. Eg hadde med ein kollega som ikkje hadde seilt før, men han tok ting fort og det var perfekte forhold i dag med 2-5 ms. Sola kikka også fram til slutt!

Me satte gennakeren kjapt rett før start, men rota oss inn mellom Cloelia og Silje. Ikkje så smart, men kom oss etter kvart fri, men seilte då inn i vindskyggen av Xanadu, me tulla og tøysta litt, før me tok til vett og slo oss fri.

Shantynette seilte bra i dag, dei runda Hestholmflua som nr to bak Silje og rett føre oss. Me kom oss forbi på kryssen, men vinden letta og me sleit med båtfarten etter kvart som vinden bikka under 8 knop som einaste båt med berre kun kryssfokk. Me klarte likevel å komme i mål som tredje båt, me sneik oss føre Shantynette, men Mojo kom voldsomt på slutten og var 5 min og 10 sek føre oss i mål. Silje var som vanleg overlegen:)

Uansett ein knallfin tur, me ser på resultatene at me berga 3. plassen, sjølv om det vart tett:)

Fjordfryd har spinnaker i målebrevet, utan at dei brukte den i går og kjem derfor bak oss, men hadde dei målt inn utan ville dei vore føre så bra seilt av dei, Fjordfryd har fått opp farten, det såg me i fjor haust også og blir farlige framover!

Fornødd skipper som antakelig ikkje har oppdaga at
Mojo kjem med 1 knop større fart bak!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar