lørdag 18. mai 2013

Fantastiske Romsa i fantastisk vêr!

Det har vore vanskelig å tru at vermeldinga for 18. mai faktisk skulle slå til. 21 grader og sol?!!!

Forsmaken skulle komme på 17. mai som byrja bra, men det vart mykje regn. Uansett vart 17. flott, litt "jolleseilas" i Borgartoget vart det også, veldig kjekt å sjå engasjementet i jollegruppa:) med egenprodusert Optimist for anledningen!

Vel, dagstur stod på menyen i dag, me satte seil mot Mjåneset i frisk, men fantastisk varm fønvind! Eg kan nesten ikkje hugse seilas i varmare vêr. Då me nerma oss vart det mykje hissig kastevind, så tross 2 rev og delvis ut rulla fokk som lengre ute gav oss jevnt 7 knop tok med ned seila og gjekk for motor. To båtar på Mjåneset så me gjekk videre til Romsa og Naustvik i dag. Grindanes såg fult ut med store cruisere tross at østavinden stod rett inn. Medan det berre var 4 båtar fordelt på dei tre plassene mellom Romsøyane. Grindanes er ein flott plass, men her finn du mange stamgjester på godt og vondt!

Naustvik er også ein knallfin plass og bra lunt i østavinden. Uansett ein knalltur, la oss håpe me får mykje slikt vêr i år! Det har alle båtfolk fortjent!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar