lørdag 22. juni 2013

Seilsportensdag og Tirsdagsseilas!

Litt hektisk vart det å nå denne Tirsdagseilaen, rett frå Bergen. Dagen før me reiser til Spania også, men flott vêr og Seilsportensdag gjorde at eg prioriterte seiling!

Dessverre la me eit for langt løp så ingen av oss rakk tilbake før Seilsportensdag var over, det var synd.

Starten tok me inne på Eldøysjøen, ned såpass vind er ikkje det heil uten risiko, du skal ha kontroll på storeseilskjøte då! Me sneik oss opp ved bryggene mot Maurinbøyen og klarte akkurat å gjere eit lite slag mot vest før me fekk babord på Silje. Det var nok til at me sneik oss utanfor og var først utanfor

Slik lett vind er alltid vanskelig med FRI, me eksperimenterte med å bruke ledig vinsj til å dra skjøte på storseilet inn i båten samtidig som me slepp litt ut på skjøte, uten løygang manglar me nok tvist. Det såg ut til å fungere bra, men må berre få tak i passande hardware til jobben. Dessverre seilte me oss ut i den verste strømmen samtidig som me holdt på med dette.

Vinden løya ytterligare og me var glade når me endelig runda Hestholmen og kunne sette gennaker. Mojo var forlengst forbi, Silje rett før oss, men verst var det at Xanadu hadde tatt heile forspranget og var rett bak. No vart det spennande å sjå om me kunne halde dei bak oss på slør, det vart veldig jevnt. Me hadde nøyaktig lik båtfart tilbake, og med berre ein tusendel i forskjell i rating er det første båt i mål som gjeld mellom oss to. Me holdt dei bak oss og etter litt kluss i jibben deira fekk me nokre båtlengder og sikra 3 plassen, berre ca 1 min bak Silje og Mojo.

Eg såg på nett ein veldig brukt genoa 1 for sal, freistande å skamby på den berre for å sjå kva me kunne fått ut av eit slikt seil i lett vind

Måtte stjele eit bilde frå Xanadu sidan mobilen låg igjen i bilen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar