fredag 19. juli 2013

Botnen!

Etter tre døgn i Norheimsund var det på tide å kaste loss! Me visste at det endelig skulle komme go'ver i morgon og derfor har me også drøya med å gå ut igjen. Norheimsund er nok den beste plassen å ligge i Hardanger i middels ver og med ungar ombord. Dessuten var det for gale å gå ut igjen uten å få sett fjelltoppane!

Botnen vart det egentlig ved ein tilfeldighet, me skulle til Herand, men ein danske som akkurat la frå kai sa at der var det dårlig å ligge, gå heller til Botnen var rådet...

Innover Fyksefjorden lurte eg litt på kva me hadde tatt i ferde med, 10 ms og knapt 100 meter sikt, trolsk stemning og ingen ly for vinden i boten av fjorden lova dårlig. Men dansken hadde sagt det var gjestebrygge der. Eit par hunder meter før botn snudde vinden og det var plutselig fralandsvind, perfekt. Gjestebrygga openbara seg og ingen andre tullingar hadde tatt turen i drittværet så det var god plass:)

Botnen var fantastisk, me gjekk ein tur oppover og fekk sjå den fantastiske naturen. Vinden stilna heilt og me låg perfekt med brygga. Dagen etter stod eg opp kl 07 og gjekk rundløypa ein lokal mann hadde anbefalt kveld før, eg kom over han medan han stod å fiksa på sparkstøttingen. Ikkje vanskeleg å innlede ein samtale då:)

Sparken kom godt med på vinteren forklarte han, då låg det is i fjorden og han sparka seg ut eit par nautiske til der vegen slutta! Utrulig!

Men tilbake til morgonture, heilt magisk, eg tok frokosten på ei fjellhylle med utsikt over fjorden, medan eg såg at godveret som var lova, kom sigande over dei utrolige fjelltoppane!

Her kjem meir info om den veglause grenda når eg har fått logga på pcen. Eg har sikkert tatt 100 bilder:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar