søndag 28. juli 2013

Eggøyo

Me må alltid innom familieplassen vår, Eggøyo. Ofte endar me der når vêret blir dårlig, men fantastisk i perfekt ver også!

Før me la frå kai på Møkster, rota eg fram gennakeren frå bakerst i den minste akterkabinen som me brukar til lagerrom, det var eit slit, utrulig kor mykje ting og tang som er med ombord. Men vel rulla ut var det verd strevet:)
Nermast vindstille, men likevel logga me 4 knop båtfart:) Dette vart den finaste seilasen med alle ombord, det gjekk ikkje fort, men tida hadde me, ungane har funne roen ombord og det var berre å lene seg tilbake og nyte kvart sekund:)

Ved Eggholmen måtte me gi tapt, då hadde me seilt på egengenerert vind ei halv nautisk, havblikk er sjeldan meir beskrivande:)
Her er eg og Amund på jolletur te Brokjo:) Seinare på torsdagen bada eg og Ola i vatnet, det er mange år sidan sist, 23 grader er nesten som syden:)

Me vart i Eggøya til fredag morgon før vår 15 dagars båttur dessverre var over. Heimover spiste me frokost underveis nedan me snirkla oss via Torsdagsøya, såg litt på selane der før me gjekk via Bårholmen før me var ute i leia, her må ein følge med på kartet:) mange umerka grunner å støte på, men det gjekk fint!

FRI låg berre i havna eit par timar før det var dags for Hidleseilasen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar