torsdag 11. juli 2013

Løkjelsøyo saman med 29 andre!

Me tjuvstarta litt på båtferien, June kjem ombord i fredag, men med dårlig vêr i vente frå lørdag kasta eg og karane loss torsdag.

Målet var Tveitavågen på Huglo, våre gode naboar er ofte der, men frisk nordavind gjorde det vanskelig å fottøyet der så me la kursen mot kjente og kjære Løkjelsøy. Veldig greit å ligge godt uten ank når ein er åleine med dei håpefulle!

MEN me var ikkje akkurat åleine, aldri har me vore her med så mykje båt, 29 i tallet, men me vart vinka inn til perfekt plass, deilig å komme unna nordavinden som var frisk. Me såg 11 ms på det meste då me kryssa frå Eldøyane, me tok raskt to rev i storen etter å ha starta i minimalt med vind...

Fantastisk kveld i T-shorte og shorts til sola gjekk ned!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar