onsdag 25. juni 2014

Singelhanded Tirsdagsseilas!

Siste Tirsdagsseilas før ferien og med flott vêr kunne ein ikkje gå glipp av den. Torleif er på ferie, men greit med litt åleinetid så eg seilte åleina denne gongen.

Start Leirvik med babord runding Hidle. Eg hadde kobla gennakeren, men 2 min før start rulla eg ut fokka heller. Åleine med senebetendelse i eit håndledd og med autopiloten ute av drift! Ved Ytstøya bles det ein fin sør-vest og med jevnt 7,5 knop over fjorden var eg glad for det valget. Nordom Hidle vart det bomstopp for dei fleste og dermed restart. 

Etter å ha snurra rundt i 10 min kom vinden med eit smell og båten skaut fart til 7 knop på få meter. Turstorseilet som gjorde god nytte sist tirsdag viste sin svakhet og gav elendig høyde. 5. Plass av 8 var heilt ok. Ein flott seilas og enda finare var det å seile tilbake i fin vind, 6-7 ms

Dårleg med bilder i dg...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar