søndag 14. september 2014

Gutatur!


Fantastisk september vêr gjorde at me, til tross for Spar Cup søndag, måtte ta ei siste overnatting i båten. June hadde planer så det vart oss gutta, flott seilas ned til Grindanes etter at me oppdaga at dieseltanken var nesten tom så me måtte via Leirvik.
Lørdag morgon vart det endelig tid til å montere genaoa 1 medan ungane fiska. Fredagen hadde eg vore hos Seilmakeren Iversen og fått sydd om forliket på det brukte seilet eg har kjøpt, som sjølvsagt ikkje passa til forstagsprofilen.

Påveg heim fekk me ideelle forhold til test med 1-8 knop vind, det er heilt klart meir trykk i lett vind no, men grodd båt ødelegg litt av den gode "glien":) me seilte heilt heim, noko me neppe hadde gidda med 3'eren i så lite vind
Ellers ein veldig kjekk tur med karar som er mykje meir interessert i å seile og hjelpe til med fortøying etc i år, det lover godt for fortsettelsen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar