onsdag 21. januar 2015

Loggbok 2014

Ser det manglar loggbok for 2013, men her er kort oppsummert 2014.


Her er eit fint minne frå sesongen som var! Sjølv Om det vart ein litt amputert sesong, hadde me også i år mange, fine turar. Bilde over er tatt i Austevoll, rett etter ferien!

Båten stod ein mnd på land på Bokn for reparasjoner. Synd sidan været var svært bra heile denne perioden. Med sein påske og kjøkken-montering i heimen vart ikkje båten tatt i bruk før etter den var ferdig på Bokn,dvs i starten av Juni. Då fekk me ei flott langhelg med innlagt Hårfagreritt, ei overnatting på Espevær på veg heim! 

Så med ein fantastisk biltur til Nord-Norge i mesteparten av ferien vart det kun 5 dagar på sjøen i Juli, og då fekk me dessverre ein del heftig vêr!

Her er me på Bjorøy, dagen før det kraftigste uværet på Flesland på 40 år. Det var ei rett vurdering å finne trygg havn i Bekkjarvik, meldinga var kuling, men kastene var voldsomme og stengde Flesland, velta tre etc...

Regattaseiling fekk eg ein del av på hausten, men berre lokalt, men mange fine seilaser med Torleif som mannskap stort sett. Vel, sånn e da av og til, ein har begrensa med tid og no også andre interesser enn båt:)

Harde fakta:)
34 dagar på sjøen, 12 overnattingssteder er ca halvparten av vanlig sesong, men eg trur likevel at vår båt er blant dei som er meir i bruk, i havna, også i 2014.

Sesongen 2015:
Eg har i år satt meg som mål å komme i god form og å gå ned mange kilo, til dette er regatta-seiling ikkje så optimal, og med begrensa tid så det blir neppe anna enn litt Tirsdagsseilas, pluss dei vanlege lokale, i år står 4 ritt og eit skirenn på agendaen:)

MEN, eg har byrja å sysle med planar om å seile til Sørlandet/Østlandet, eg merkar at behovet for "langfart" har auka i takt med at det blir mindre og mindre tid ombord, håpet er at me på 3 veker klarer å kombinere litt biltur til Danmark og seiling, eg tar 5 veker fri og vil derfor ha god tid til å seile båten ned og opp så har me både bil og båt på Sørlandet og kan drive med det som passar best etter været. Litt avtaler er allerede gjort ang Legoland så det blir nok til at me kjører ned og lar båten ligge igjen på Sørlandet, om det då ikkje er knallver:) Vel, vel, time will show... Deilig at det går mot lysare tider igjen og med fjellturar nærast kvar helg kjem våren før ein anar:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar