Runda Otterøya og under Spissøybrua og heim, mørkt når eg va vel fortødd igjen. Turen starta i perfekt vårver!
Nedover vart det tid litt nudlar, men det minner meg om at autopiloten må i drift snarast for her var det mykje sikksakk seiling medan maten sto på kok...
Det auka jevnt på frå øst når sola rann og under Stordbrua målet det 10-11 ms, det var bitkaldt, men deilig også. Utan autopilot var det nyttelaust å få på tjukkegenseren så småkjølig vart det.
Det var derfor umåtelig godt å krype under dekk til god temperatur og varm kaffi etter endt seilas! Det er noko heilt eget med fyrste turen:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar