mandag 25. mai 2015

Årets fyrste Tirsdagsseilas!

Endelig klar for Tirsdagsseils!

Fin sørlig trekk på 6-7 ms frå Eldøyane. Mykje kluss ved starten, ingen var klare til å ta starten, noko trudde starten var utsatt, og når Fronta si fløyte ikkje var lett å høyre vart det surr, me gjekk etter Fronta sine signal og fekk ein bra start, men med kun heilt uerfarent mannskap var eg nervøs i starten og me va nære Xanadu som tydeligvis ikkje skulle starte når me sku, men det gjekk no bra

Utover tok me for lite høyde og fekk svi for det, men hang ok med til me broacha stygt sør av Føyno, der det berre var millimeter frå at me gjekk over stag. Eg fekk slept folka også i det den fekk innslag så det ikkje vart heilt katastrofe, men me tapte mange minutter på dette!

Og som så ofte før, når ein kjem på defensiven tar ein feil valg, me slo derfor for tidlig i håp om å ta innpå litt, men det enda med eit ekstra slag ved Hestholmsflua der skjøte for sikkerhetsskyld hekta i spinnakerskinna på masta, vel, vel.

Ok båtfart nedover mot mål som alltid går båten fint på unnavind, men med kun urøynde fann eg det best å la gennakeren ligge vel vitande om at vår siste sjanse for å pynte på resultatet forsvann. Kun Mojo bak som også lot gennakeren ligge...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar