søndag 21. juni 2015

Endelig sommar!

Endelig seilas i T-skjorte. Nærmare 20 grader er heilt utrulig etter den forsommaren me har hatt. 

Men mykje prosjekt i hus og hage har venta på godt ver, så litt trist å innsjå at det ikkje vart tid til tur denne helga, men ein liten mekke-runde fekk eg pressa inn.

Først på agendaen stod den fordømte autopiloten som har vore så stabil i alle år. Før kompasset gav seg for to år si og ting vart ståande til i fjor høst før eg fekk fiksa det. Skryt te ProNav forresten som va veldig flinke å lodda kompasset så eg kom unna det med ein tusenlapp vs 5-6000 for nytt!

Når eg endelig fekk den i drift igjen varte det ikkje meir enn eit par timar før den sa takk for seg igjen, i Stord Shorthanded. No var det rorindikator som var "missing", men etter div telefonsamtaler meinte dei at det kunne være innstillinga så i dg var det ned å programmerte den  sikkert 20 ganger før verdiane endelig stod støtt igjen og rett fram var rett fram og styrbord styrbord og babord babord, dermed hadde autopiloten igjen ein referanse å styre etter og fungerte fint.

Det spørs om det ikkje ligg ein feil ein eller anna plass, men den fungerte iallefall prikkfritt på den 2-3 timers turen eg hadde etterpå, med innlagt dieselfylling på Leirvik. Det er håp iallefall...

Gasslangen i byssa sku vore bytta i 2012 så det var på høg tid, men den viste ingen teikn til morkning og ser ut som ny...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar