fredag 12. juni 2015

Stord Rundt!

Stord Rundt er spesielt, men litt nedtur i år at starten gjekk fyrst laurdag, eg har alltid likt nattseilasen nedover Nyleia, litt Færder-følelse. Men i år var eit unntak!

Eg fekk med meg Trond Taraldsøy og stilte i DH klassen. Flott seilas nordover og sosialt på Hjellestad før me binga ca kl 0130.

Vermeldingane melde om frisk sør-vest, men ved start var det fin vind, me starta med eit rev, men tok det opp rett etter start og fekk eit fint legg ned til Reksteren med full seilføring. Derfrå byrja problemene, me slit over 10 ms sjølv med to rev. 3eren lar seg ikkje reve på fornuftig vis og vert for djup i mykje vind. Me skulle hatt ei hardværsfokk for det vart mykje broach sørover og dårleg framdrift. Me får ta med oss det positive, me seilte forbi Gleden og mange andre nedover før me byrja å reve. Mange har flotte kevlar seil og det hjelper nok i slik vind... Dessuten broacha dei fleste mange ganger...

Vel, ei erfaring rikare og ingen vart ødelagt, det er jo eit mål i seg sjølv:)

Festen fekk eg ikkje med meg i år pga manglande barnevakt, det er også litt vanskelig å bruke tid på fest også når ein er mykje borte, men eg har alltid pressa det inn, men i år gjekk det ikkje...

Søndagen var det FitjarCup så eg stakk nerom å hjalp til med starten! Den vart historisk ved at me rett før start innsåg at me mangla dei rette flaggene, men det gjekk bra og det er notert ned i "leasson learned" at startar tar med alle flagg så er me sikre! Me skal også kjøpe inn ein skikkelig lur, desse eingang kompressorane er ikkje til å stole på...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar