søndag 5. juli 2015

Vedlikehold!

Diverse småting har stått for tur ei stund og med den planlagt "langturen" har eg endeleg fått ut fingeren...

Wc
Skifta alle pakningar i wc'en, 2. gang dette har vore nødvendig. Med lite volum på septikken (kun 35 liters tank) har det vore veldig plagsomt at det renn tilbake i skåla, mykje vatn måtte dermed til kvar gong. No e det tett:) og med litt MatOlje i skåla går pumpa som ein draum.

Gass
Bytta slangen på komfyren, TESS bytta den for Kr 33,- med samme links-koblingene som sikkert er vanskelige å finne i Norge.

Ny gassalarm montert, den gml fekk vatn frå ein våt gennaker og kortslutta...

Motor
Skifta eksosbend, Skifta impeller, stramme reimar, sjekka sjøvannsfilter der eg fann ein stor plastbit. Har siste tida mista lading to gonger nokre minutt så den rusta minuskoblingen pga sjøvatn frå det ødelagte eksosbendet måtte også fiksast. 
FØR
ETTER

Eksosbendet er ein svakhet på Yanmaren, etter 3 år frå ny bytta eg fyrste gongen, no har eg fått sveist begge på Kværnesnes på Fitjar. Skikkelig arbeid, det blir neppe noko problem i framtida og  no har eg også eit i reserve:)




Autopilot
Fungere no, men er ikkje 100%. Den driv periodevis og flyttar 10 grader på senter, men den autokalibrerer seg, rart... 

Brannslukkingsutstyr 
Endeleg montert opp apparatene som har logge i skapet:( Ikkje heilt patent, men no er det ok. saman med ny gassalarm. Me har også Truma Ventil på gassen der me slår av flaska ute, frå pentry. No er opplegget slik det etter mine begrep bør vere når ein har gass ombord!

Prosjekt overmadrasser
Hanse har ikkje vore generøse med skumgummien, ser på nye båtar at det tilbys overmadrasser. Eg har vore på Jysk, det gjorde underverk...



Trekket skal me få sydd til i haust, men dette fungerer fint, berre ta ut madrassene av trekket som har glidelås, skjære til med tapetkniv og ta på igjen:) den tjukkaste madrass var vanskelig å skjære i, den billige framme var enkel og gav også ok effekt så litt overkil den bak på 8 cm, men, men. Litt som å få ny båt med denne oppgraderinga:)

Vel, så ein masse anna småfiks og ikkje minst rydding. Kjøpte inn alt som mangla av verktøy mellom anna:)

Påhengsmotor 
Sist, men ikkje minst. Fiks av påhengsmotor som ikkje ville gå etter vinteropplag, levringer av totaktsolje i forgasser var problemet. 


Fyrste demonteringa av forgasser førte til at den starta, men gjekk berre på fullgassdysa. Med litt meir nøye rens andre gangen fungerte den. VELDIG viktig med påhengsmotor på tur så det var godt eg fekk den til:) Ny gummibåt står forresten for tur... Zoodiacen er sliten

Turklar
Bytta te turseil og skjøte på hyttetaket så no e da ferieseilas... Sjølv om ustabil værstasjon gjorde at me skrinla langtur i år også...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar