fredag 7. august 2015

Ferie - del 2

Det vart stang ut i år. Etter å ha jobba tirsdag og onsdag var det duka for ein 4 dagers tur som avslutning på ferien!

Heftig lasta med både gummibåt og Laser kom me oss ikkje avgårde før kl 22, me gjekk derfor berre til Føyno. 
Dagen etter starta fint og me fekk seilt litt Laser, eg og Amund
Det var fin vind i fjorden for ein fyrste seiltur som det var for Amund, overraskelsen var stor for han når han fekk sjå kor fort og lett Laseren seiler:)
Den yngste er mest opptatt av å fiske, helst før frokost:)

Dessverre merka eg at kroppen ikkje var 100% og når det tross gode værmeldigar byrja å hølje ned droppa me å gå videre. Fredag var formen ytterligere forverra så det var berre å hive innpå Paracett og Ibux og komme seg heim i senga... Dårlig slutt på ferien dette...

Men eg og karane har fri neste torsdag og fredag så då satser me på at været er knall og formen tilbake

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar