torsdag 10. september 2015

Seiljustering!

Etter at siste bilder vart tatt i skumringa i går og pakka i ein hattekave i kveld rett før posten stengde, er dei no begge på veg til Gran Sail.


Begge er no 7-8 år og over middagshøyden, men Gran påstår at det ikkje er noko problem å sy inn 3areen og i desse ulvetider sitt det svært langt inne å knuse sparegrisen for å få noko nytt! 2.500,- er ikkje ikke ille, då ser dei over og skiftar evt uv-skada saum også!

Som ein ser ganske godt på bildet er det spesielt oppe at seilet er for djupt, selger hos Gran sa også at seilet nok er sydd djupare enn dei ville gjort no når me har 1ar for alt under 5 ms. Ulempen med skarpere inngang i seilet er at ein får eit smalere spor å seile i...


Sjølvslåaren blir lite brukt og er i dg vanskeleg å halde særleg lengre enn 3aren og derfor ikkje noko godt supplement til den, blir mest brukt i feriar. Likevel ser ein på bildene at busen ser bedre ut oppe på dette seilet enn på det andre. Men dacron strekker seg og utvekslinga er dårlig så det er vanskeleg å strekke det opp når det bles mykje!

Gran skal vurdere om dei kan lage ei hardvindsfokk av dette seilet, kan vere kjekt til både tur og regatta. Det blir få ein flat 4ar staden for ein 3,5, men me får sjå kva konklusjonen blir, ikkje kult å legge ut mykje på gml seil heller



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar