torsdag 12. mai 2016

Årets fyrste Tirsdagsseilas!

Knallver på vår første Tirsdagseilas for året. Dessverre opptatt forrige tirsdag då sesongen starta frå Eldøyane.

Denne tirsdagen var det start frå Leirvik, og runding Grovaholmen vart valgt, perfekt denne kvelden. Det vart ein fantastisk dag på sjøen, til tross for nordavind vart det shorts og t-shorte heile vegen. Det kan knapt bli betre:)

Eg hadde med meg Torleif og Marit denne gangen. 3. plass av 7 er me svært nøgde med sjølv om det skyltes litt flaks innpå Vikafle der dei fyrste hadde lagt seg til for å vente på oss;) Samtidig seiler me også med Rating for genoa 1, men brukte den ikkje til tross for perfekte forhold for det seilet denne kvelden. Eg innser at eg skulle målt inn båten med 3 ar i år, det er ikkje tid og engasjement nok til å skifte på seil som står fulle i spiler på rulla...

I fjor haust fekk eg Torodd med og justerte om riggen, 3aren vart sendt inn til Gran for å få litt mindre dybde i forliket. Me har både slitt med dårlig høyde og i mykje vind har båten vore umulig å trimme fornuftig. Dette var første test av det nye oppsettet. Det er åpenbart at me tar meir høyde enn før, samtidig såg me også at farten går ned og me sleit med å halde farten til dei andre, men gjekk noko høgare og kunne gått enda litt til.

Eg syns uansett at me undervegs klarte å ulikne farten til dei andre samanlignbare båtane noko, Silje og Xanadu. Silje er lei å halde på kryss, men Xanadu haldt me bra, men dessverre fekk me to slag på slutten der skjøte hengte seg i spinnakerskinna på masta og uten autopilot tapte me ein del på å få ordna opp i dette og mista sporet medan me haldt på.

Antakelig er ein liten bieffekt av justeringa at me no ikkje går fult så bra unnavinds som me har gjort, men her er rom for justeringer så dette kan bli bra berre me får tid på oss:). Eg må også berre innsjå at eit 8 år gml cruisinglaminat seil som 3ar ikkje er optimalt i regatta, men seilet er greit nok og ifht Gran veldig bra for alderen:)

 
 
Mojo er lei å halde bak seg, spes no med glatt undervannskrog, men dei klarte ikkje å gå over oss etter start, noko dei nok hadde klart tidlegare så nøgd med ny rigg- og seiltrim der
 
Tidleg ute i starten, men på feil stad, normalt seiler me om Ytstøya, men me skulle visst ikkje det denne gongen:) Uansett, dumt å ikkje sørge for frivind. Dette blir ekstra viktig når me berre seiler med 3aren i så lett vind, då har dei andre fartsoverskot, spesielt når det er litt stikk i skjøtene...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar