lørdag 23. juni 2018

Dag 15: Rørvik - Brønnøysund (46 nmil)

Tilbake i båten rett før midtnatt, levert bilen og no e me snart klare til å kaste loss fra Rørvik. Eit fin havn med fine fasiliteter og lav pris, 150 pr natt inkl strøm. Fint at desse også tar Vipps så ein slepp å surre med cash!


Då er FRI endelig i NordNorge! Juhu!

Me har nettopp fortødd i Brønnøysund, flott tur i dg, iskaldt i starten sjølv i medvind, men me satte seil utanfor moloen i Rørvik og seilte til me kom til Torghatten, fantastisk. 6-8 knop i rett retning heile dagen! Veldig kjekt å ha fruen ombord så dette blir ei god veke uansett;)

Etter kvart kom sola også, uten at du droppar bløffen og hua av den grunn, men meir komfortabelt vart det iallefall:)


Torghatten ser du lenge, lenge:) Men flott skue og hullet ser du såvidt også frå østsida:)

NordNorge på sør!


DER var hullet ja:) Det er havn ein kan fortøye i og gå opp i Torghatten, men me har gjort det før så prioriterer nok Ylvingen og Vega heller. 

Vindøkning i morgon så igjen må me ha dette i bakhovudet ifht kor me går, men ikkje meir enn liten kuling får me håpe!

Veldig trivelig å møte på Jørn frå studietida i Bodø, i Brønnøysund. Ser kjekt ut med 22 knop vs 6-7;)


Ellers ein fin kveld i Brønnøysund. Fotball pub måtte me sjølvsagt på no som fruen e kommen ombord, synd for sørabror når Tyskland scora 10 sek før full tid!! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar