onsdag 13. juni 2018

Dag 5: Silda - Stad - PitStop Runde før Ålesund

Ja, då ligg me godt fortøydd heilt innerst i Brosundet i Ålesund etter ein lang og flott dag på sjøen.







I I går kveld fekk eg endelig flydd litt drone. Mobilen var tom for straum så det vart ikkje så lenge sjølv om eg TRUR eg kan fly den uten mobilen operativ, men tok ikkje sjansen. Vekkerklokka stod derfor på 05 i dag slik at eg skulle få flydd litt før avreise kl. 06. Sova kan ein heller gjera ein anna gong:)
















Planen var å komme seg langt fra folk så tidlig på morgonen, eg sykla derfor litt rundt på denne fantastisk fine og bilfrie øya for å finne ein egna plass, men det var ikkje så lett som forventa. Først traff eg på gåsemor med ungane sine og ho vart langt frå glad for å sjå meg og ikkje minst sykkelen, med eit svare spetakkel vagga ho bortover den smale stien med ungane springane føre, så eg måtte snu.

Eg gjekk derfor heller opp på den nermaste toppen eg fann og tenkte at eg skulle få ro der! Det eg ikkje hadde tenkt på var at måsen ikkje likte vepssumminga frå drona så det vart mykje spetakkel frå måsen også, heheh. Vel, vel.  Litt fekk eg flydd og som den store amatøren eg er enda så er ikkje bilder og video så bra, men eg skal lære meg dette:)

Medan eg stod på toppen la Ingrid III frå kai, presis kl. 06. Eg hadde avtalt å gå samtidig så kl. 0625 la FRI også frå kai, me har litt større fart enn Ingrid III så eg regna med å ta dei igjen ein gong rundt Stad
















Stad:
Fantastisk runding, vindstill i starten, så kanskje 1-2 ms og havdønning. Sjølv om me ikkje fekk seilt er det greit at det er gode forhold iallefall første gangen ein skal runde Stad, det er ikkje vanskelig å sjå for seg at det kan bli utrivelig utpå her når vind og bølger herjar! Me gjekk innfor Gamla og Bukketjuvane i dag, ingen problem sjølvsagt. Me fekk også følge av ein Scand 29 Baltic som også låg på Silda.


































Etter runding gjekk me forbi Ingrid III på tross av vårt moderate pådrag på motoren, 2400 o/min av 3600 så FRI sklir greit avgårde, heilt nysmurt og med pussa propell:) Videre gjekk me inn under brua i Kvalsund. Første brua er 20 meter, men neste berre 17 meter, eg trudde den var 18 meter som er absolutt minimum av det eg går under, spes når det i tillegg var midt på floa. Me måtte derfor gå vest om Remøy, der er 24 meters bru. Skilt over høyde glimrar med sitt fråvær begge plasser, ikkje bra!

Når me først var her ute frista det med ein stopp på Runde. Me havneguiden på mobilen er det veldig lett å sjekke ut nermaste havn med all info ein treng. Den er super å ha då du får den infoen du ikkje finn i kartet, korleis du går inn, kvar bryggene er, kor djupt det er med bryggene mv!

No skein sola også og etter 7-8 grader rundt Stad vart dette nermast som ein sjokk, all ull måtte av ein ein fart:)


Me var på Runde 1,5 time før me la inn mot Ålesund, ein tur innom turistsenteret for is og kaffi og trivelig prat med dei som jobba der vart det tid til, litt sykling og dronekjøring også:) Flott plass og super havn, Stopp avgift på kr. 50,- vitnar om at me no er kommen til Sunnmøre, hehe, men sjølvagt betaler me for muligheten til å stoppe innom, skulle berre mangle, men ikkje vanlig sørover, trur aldri eg har sett det før!














Det kom ein liten bris frå nord-vest medan me låg på Runde så endelig, fekk me satt begge seil og slått av motoren, nydelig. 4-5 knop innover mot Ålesund ein times tid før det stilna av. Når me så fekk plass i Brosundet til å til å ri av stormen er dagen akkurat som ein kunne drøyme om! Her blir me nok liggande til lørdag, sånn er det, ikkje mykje vits å gå lengre når ein uansett ikkje kjem forbi Husavika før søndag ser det ut som no. Bud er planen lørdag ettermiddag slik meldingane ser ut no, der ligg også siste del frå Seatronic og ventar på oss.

Fantastisk service der i gården, ilsending av AISen før tur og så no ein siste del til staviet på Ipaden. Anbefales! Det er ikkje alltid ein berre skal gå etter best pris!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar