onsdag 4. juli 2018

Dag 26: Henningsvær-Skrova (11 nmil)


På tide å komme seg videre no, kursen satt mot Skrova. Del 1 av arbeidet er ferdig så det passa fint å flytte plass og ta resten på Skrova. Dersom me skal gå til Tromsø så ser eg at me bør ha tre dagar, 162 nmil via Risøyrenna. Dermed må me gå fredag morgon. Eg må sjekke mannskap og med familien, kva dei ynskjer:)


Skrova er igjen ein slik plass som du neppe får med deg uten at du rek rundt i egen båt. Fantastisk plass og så utrulig hyggelige folk, absolutt alle eg har truffe til no av dei lokale helsar og smiler, når ein då får beskjed om at det er gratis på gjestebrygga og strøm må du jo berre koble deg på, ja då føler ein seg både heldig og velkommen! Kabelvåg og Henningsvær er veldig flotte plassar, men det intime og autentiske blir ikkje slik som her og slik det var på Støtt:)

Vel, havnepengane bruker eg no opp på ein forhåpentligvis fantastisk kvalbiff og ein halv liter:) på SkrovaBrygga!

Endelig har eg fått gått bærføtt i den finaste sydensanden:) 20 grader i morgon så eg satsar på strandliv etter jobb i morgon:)


Mykje kunstneriske innslag her, kreativt med utstilling i ei liten tunnel. 


Åhh, fantastisk sjølv om forkjølelsen har redusert smaksløkane noko:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar