onsdag 11. juli 2018

Dag 33: Harstad-Sandsøy (9 nmil)

Då er me på vei frå Harstad til Sandsøy, seint avgårde frå Harstad, men det er jo ferie så det går fint. Kjekt å møte gml kjente i Harstad først!


Kjekt med ny skipper ombord, men tross flott sommarver vart det kald skodde dis så autopiloten måtte overta og gjere jobben i den lette nordavinden.

Litt spent på Sandsøy, det er grunt inn før moloen så me får ta det rolig, no kjem me på litt fløande sjø så det hjelper jo her oppe:)


Me gjekk midt mellom holmen og land med ytterlant av moloen i baugen, der gjekk fint, 3 timar etter fjæresjø hadde me 3.7 meter på det minste!


På Sandsøya fekk me uventa sightseeing seint på kvelden, gjennom families familie som bur her, fantastisk gjestfrihet og for ein rå utsikt frå huset! Heile Senja i bakgrunnen!



Vel i havn var det fine brygger og rimelige 100 Kr i havneavgift! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar