torsdag 19. juli 2018

Dag 41: Bjarkøy-Harstad (15 nmil)

Då er del 2 av denne turen over. Me er tilbake i Harstad etter 9 dagar på tur med familien og seilt rundt Senja som dei som føl bloggen nok har fått med seg:)

Med dei avstikkerane me har tatt vart det totalt 178 nmil, ganske mykje meir enn eg hadde trudd det sku bli og me rundar 1000 nmil sidan start før me er tilbake i Harstad! 

Det høyres langt ut, men i slikt vèr er det berre ein nytelse å få sitte bak roret og nyte havet og naturen! Dei fleste økten er tatt tidlig om morgonen slik at den yngre garde ikkje skal kjede seg for mykje undervegs:) 

Alt i alt har dette fungert kjempefint, det heile starta med ein kjølig seilas til Sandsøya forrige onsdag , men du verden for ein velkomst, med omvisning seint på kveld! 


Dagen etter ein flott seilas til Sørreisa, men den vart for lang for ungane. Finnsnes var uansett kjekt for ungane med BurgerKing og kino! June imponerte med sin joggetur fra Sørreisa til Finnsnes på 18 km! 


Innsida frå Finnsnes til Sommarøy var heilt greit at eg tok ein tidleg morgon! Fint, men me er blaserte no, dette er berre ein vanlig norsk fjord:)


Sommarøya skuffa litt på fasiliteter, men øyhopping med gummibåten viste kor fint det er der! Håja er også majestetisk litt lengre nord!



Innsida av Hekkingen fyr kl 06 var ein opplevelse, Mefjordvær skuffa med sin tyskerfiskefokus og den heller kjølige velkomsten!

Senjahopen var ein høydare med egen innendørs fotballhall og perfekte dusjmuligheter for alle, for ikkje å snakke om fri WiFi!


Likevel kom dei største høydepunktene etter at me forlot Senjahopen, skikkelig govèr kom og stranda i Ersfjorden og dei to dagane i Hamn, samt seilasen ned til Skrolsvik og Bjarkøy vart heilt fantastiske og absolutt dei finaste me har hatt i båten, dei 11 sesongene me har hatt den!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar