tirsdag 2. oktober 2018

Jomfrutur...

Inni mellom stormane her vest var det eit værvindu mandag der båten kunne seilast dei 35 nmil frå Hjellestad til Stord!


Fin nordavind på mellom 5-8 ms gav oss ein kanonstart på eigarskapet, antakelig veldig lurt å ikkje starte med 35 nmil kryss med denne båten, hehe. Unnavind er sjølvsagt paradegrenen for slike båtar, akillesen er kryss. Men det får me ta etter kvart, båten seiler veldig fint unnavind.

Det som overrasker er kor lett den slepp sjøen, 5 ms og med litt vekt forover så slepp den fint med båtfart på 6,5-7.0 knop. Båten er også opptil 8 ms ein lek å seile, ingen antydning til broach så lenge ein ikkje kjører langt opp i vinden...

Negativt er bevegelse i kjølkassen, webbingen som skal halde kjøle nede er nok for at den ikkje skal skli ut, men i lite vind og bølger samt motorkjøring med sjø i mot gav bevegelse som forplanter seg i båten og antas å vere langt fra ideelt. Her må me jobbe for å få låst kjølen skikkelig av så den ikkje får anledning til å pendle i lengderetningen!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar