lørdag 7. mars 2020

Vårteikn!

Ein flott dag på fredag og med jobbtur til Bømlo over bruene med bilen vart det veldig fristande å komme seg på sjøen så fort som mulig når eg kom heim igjen.


Vel tilbake henta eg den yngste poden, kjøpte litt snacks og så la me avgårde til Tittelsnes, der var sjøen full av små og stor sei. Heilt håplaust å fiske med 3 makk og 3 sølvbeite og pilk. Det var knapt mulig å dra opp snøre og etter 10 min hadde me 20 småsei og pala. Me tok dei 10 største og gjekk til friområdet på Nautøya for å sløye sidan me ikkje kan sløye i havna. Litt kaldt var det ute, men lunt og godt ombord. Etter sløying vart det tid til litt kaffi og kjeks før me gjekk heim igjen før det vart for mørkt. Veldig fin tur på fjorden igjen!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar