torsdag 9. april 2020

Ikkje berre koronavirus om dagen...

Neida, 3 fot sykja herjar også i meg iallefall og har gjort det ei stund. Heilt sidan turen til Rosendal i fjor har tankane surra rundt ein litt større båt... Samtidig har eg også tenkt at kanskje me berre skal innsjå at det ikkje blir så mykje tur og heller byrje å bu i huset på Eggøya og gå for ein type Targa/Sargo som er perfekt til akkurat den typen bruk, men ikkje til overnattingsbåt i dei størrelsane me kunne tatt oss råd til.

Etter ein tur båtmessa i starten av Feb vart det fort klart at fruen i huset ikkje var interessert i å bruke så mykje pengar på ein Sargo 25 iallefall eller Targa 25. Sjølvsagt vurderte me ikkje nytt, men der fekk ein sjå korleis plassen er og den er liten i slike båtar også om du berre er 2 egentlig. No blir ein sikkert frelst når ein kjører desse i dårlig ver, kanskje like greit eg ikkje har prøvd det. Eg tenker også at når siste mann er heilt ute av huset så kanskje tida er meir moden for slik båt enn no.

Etter båtmessa har derfor fokuset vore på vestlandsbåt. Viknes 880 er sjølvsagt ein flott kandidat, men eg syns den er for smal og for liten salong. Ikkje er den så glad i fart heller. Sjølv om eg er veldig fan av Viknes så måtte det blitt ein 1030 før salongen blir godkjent og nei, det er jo altfor stor og dyrt. Viksund 310 har me vore innom, men der vert uteplassen altfor liten sjølv om salong og ikkje minst lugarer er veldig bra, til og med flybridge fås den med og det trur eg eg kunne likt, litt sånn seilbåtfølelse igjen... Ja, det finnes jo mykje bra, ikkje minst som har bedre design en NBen, den er traust, men den er skikkelig og det er mykje viktigare for meg enn utsjånad...



Vel, eg fall iallefall heile tida tilbake på NB 870 som mest båt for pengene etter våre kriterier og har jo fulgt desse nøye lenge, eg har vel 14 annonser lagra og sjølv om prisane er ok så selges dei ikkje nødvendigvis veldig lett, spesielt dei med mindre enn 222 hk trur eg nesten er umulig å selge. 222 hk er det mange av og mange meiar at det er for liten motor det også, 295 er ein flott motor i desse, eg har prøvd to stk og har tenkt at den treng 300 hk den båten, men Yanmaren er tørst, 65 liter på full fart er sjukt mykje. I tillegg er det registerreim og heile sjøvannspumpa må ut for å bytte så nokon minus er det med den motoren også. Det er påfallande kor mykje lettare det ser ut som båtane blir å selge med slik motor... Volvo er sjelden vare i desse, eg har sett ein med D4-300 før, men den var veldig dyr. Har også sett ein med Sabb Iveco 250 hk, sikkert ein bra motor, men blir nok litt mindre kurrant når nesten alle har Yanmar.

Når det no dukka opp ein med D4 motor på 260 hk fatta eg raskt interesse og det gjorde mange andre også, båten har gått litt i utleige, men det var ikkje mulig å sei at båten var noko slitt av det. Den framstår som det ein må forvente av ein 8 år gml båt, ikkje noko perle, men meget bra vil eg sei og

Sjølvsagt kan ein bekymre seg over korleis motor og gir har blitt behandla pga utleige, men det fungerte iallefall 100% og ser 100% ut som nytt, det var imponerande sjølv om eg jo er vant med det frå 820en så har eg sett at det ofte blir rust og irr på ting på ein motor og i motorrommet, men den er jo berre 8 år så det skulle vel egentlig berre mangle, men er det noko så får meg til å snu i døra ved kjøp så er det motor og motorrom som ikkje ser bra ut, litt striper og hakk kan eg heller leve godt med, det er jo ofte lett å fikse også om ein tar seg tid og gjer seg flid. Uansett er det ein bruksting så det er det som er dyrt som må vere i orden, no har den ikkje gått mange ukene i utleige slik eg forstår det så eg ser heller på det som ein sjelden sjanse til å få ein av dei nyaste 870ane til løyseleg sum.



Eg kasta meg derfor rundt, egentlig forventa eg å finne ein båt som var meir slitt enn det eg kunne leve med og med ein på hand i Fredrikstad med 295 Yanmar som var veldig strøken (kikka på den i vinterferien) satt det litt inne, men etter ein prøvetur vart eg overbevist, utrulig kor stille og fint Volvoen gjekk på alle turtall og det er styr å kjøpe ein båt som står på land i Fredrikstad å ta den rundt kysten i desse Koronatider så eg tok til vett, ikkje vart me heilt enig om pris heller på den i Fredrikstad sjøv om den nok var verd prisen me kom ned til.


Sjølv om grodd båt og fulle diesel tanker og vanntank fekk eg 23 knop med D4en og det ser ut som 18 knop er veldig fint på ca 2700-2900. Forbruket var då ca 36 liter og på maks viste den forbruk på 49 liter, kanskje går den 2 knop saktare enn med 300 hk. Det går nok fort 10 liter mindre pr time med D4 260 vs 295 Yanmar.

Båten var også veldig godt utstyrt og nokre detaljer skiller 2012 modellen frå dei andre, som semskeskinn i staden for skai og endelig hadde dei fått bort den fæle treimmitasjonen på dashbordet, men fortsatt manglar det slikt som det ofte er i dei nye båtane (Viknes og Saga mfl) med nermast dashbord i samme material som i bilar.



Semskeskinn trekket var flott, det gir eit lunare og meir påkosta inntrykk, videre er det få som har den salongen ute, den berre skulle eg ha så mange har falt bort pga det. Eg har alltid likt Garmin og dermed var det flott at den hadde 10 toms Garmin plotter, Garmin VHF og også radar som eg har tenkt at eg ville ha denne gangen, aldri hatt før og sjelden behov for det, men eg hatar å komme i skodd. Håpar eg får kobla til bærbare AISen min som eg har som både er sendar og mottaker, då er det komplett.


Videre hadde den ankervinsj som me manglar på 820en, sjelden behov sjølvsagt, men kjekt å ha og nesten nødvendig på ein såpass stor båt. Det var også fint at den har RIB jolle på snappdaviter og 4 takts påhenger 6 hk, så slepp ein å styre med å få montert det på den gml gummibåten.

Sjøvannspyling på akterdekket trur eg også den hadde, iallefall dusj ute så ein kan spyle etter fisketur.

Ja, så på tirsdag tok eg sjansen på å sei at "den tar eg". 820en vart først solgt i dag, men med 3 interessenter kunne det jo ikkje unngå å lykkast og i dag gjekk det i boks. Begge båtane skal på land for vårpuss og sjølvsagt er det forbehold om at alt er ok, men det er det nok, så tenker eg at det blir båthenting om eit par vekers tid!

I desse korona tider????

Så er det nok mange som trur det har tilta heilt når ein kjøper båt midt i ei krise verden ikkje har sett makan til og ingen veit korleis vil ende...

Tru meg, eg har tenkt mykje på akkurat dette og vore nært ved å droppe prosjektet fleire gonger. Annonsen vart lagt ut i Februar, lenge før me forstod at det kunne bli slik det er i dag og sjølvsagt kunne me stoppa annonseringa. Eg hadde nok ikkje starta dette prosjektet no, men no er det altså gjort og eg trur jo båtlivet får ein renensanse no, interessen for båten har vore imponerande i desse tider der mange blir permittert og det var også det samme på 870ane, fleire har blitt solgt siste tida og mange av dei som ligg igjen er 100.000 for dyre, sånn er det jo ofte når folk legg ut båt.

Kortreise ferie og låge renter samt svekka NOK som vil gir svært mykje dyrare nye båtar framover trur eg vil bidra til å halde fritidsbåt som ein ok eiendel økonomisk sett. Eg har ikkje bomme så veldig på mine antakelser tidligare, men denne gangen kan det jo hende eg går i baret, men me lever fint med båten som permittert også (då får ein jo endelig tid til å bruke den:), men la oss no håpe verden overlever dette, hvis ikkje er vel ikkje båten det største problemet er eg redd...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar