fredag 8. mai 2020

Ny pilkestang!

Med fornya fiskeinteresse for 12 åringen skal det ikkje stå på utstyret. I dag fekk han pilkestang og sjølv om klokka var 20 fredag måtte me ut å prøve den!

Ein rask tur til Tittelsnes, ei pale og ein lyr. Mykje fisk på ekkoloddet, men dårlig bet... Men kattemat vart det iallefall

Artig å sjå sluken og snøret, må innrømme at aldri kan hugse å ha sett dette på noko ekkolodd før!

Flott vèr, men da e fortsatt kjølig. Ser ut som tempen kjem litt opp fram mot neste helg!




Heim i skumringa!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar