fredag 29. mai 2020

Pinse, Tysnes rundt!

Endelig langhelg med kanonvèr, denne gangen dropper me Eggøyo og har lagt kursen rundt Tysnes. I skrivande stund er det fredag og me la første strekket til Munkavågen sør på Tysnes. Stortsett 5-7 knop oppover med fruen i salongen ute, det er dette me har drømt om:)







 Taco på akterdekket kl 21 i sol, det blir ikkje så mykje bedre:)

Me har tenkt at det blir mykje båt i år og dermed skal me prøve å ikkje gå der me alltid gjekk før; typisk Løkkelsøy, Romsa, Fjeldberg, Husnes etc. Funka veldig bra, ikkje ein båt å sjå:) Greit med fred og ro av og til iallefall...

Vel, poden syns uthavn vart kjedelig så lørdag havna me nettopp på Husnes likevel. Me kom tidlig og fekk plass, men veldig mange som kom seinare måtte forlate. Litt sjukt når ein såg kor lite båtar det var i uthavn på ei så flot helg! Eg kunne skjønt det om vèret var dårlig...






Flott på Husnes og me må innsjå at poden må trives ellers fungerer  det ikkje!

Søndagen la me ut mot Båresundet, men via Årbakka først, denne flotte gamle handelsplassen er verd eit besøk, eit lite museum samt galleri i tillegg til ei gamal krambu. Eg elske slike plassar, her kan du for ein liten penge også overnatte med båten, lunt i nordavind, men neppe særlig bra i sørlige vindar!








Etter Årbakka gjekk med rolig gjennom Lukksundet før me gav på fram til Godøysund, godt med båt på Solstråleøya, der har me aldri stoppa då det alltid har sett så fult ut, men i Bårdsundet var det god plass. Litt klage fra fruen på at plassen eg valgte som eg har vore på utallige ganger i barndommen var undersolt, men det er fint å ligge der sjølv om det er litt åpen for sjø fra leia. Det er eit utall muligheter i Bårdsundet, men fryktelig mykje dritt i sjøen gjorde at me lot være å gå lengre inn slik planen var... Her er også meir skog, men veldig lunt i dårlig ver og garantert ledige plasser...




Dette vart ein drømmetur, båten fungere veldig bra for oss på tur, sittegruppe ute gjer heile forskjellen  då har me to plasser å vere slik at den som feks ser TV kan gjere det inne medan me sitt/.ligg ute og les bok. Utrulig nok hadde me ikkje kalesjen igjen eller varmeren på ein einaste gang på turen!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar