søndag 13. desember 2020

Vinterfiske med strandhugg

No har me verkelig fått sansen for å komme oss på sjøen på vinteren. Søndagen varta opp med nesten vindstille ifht i går så prøvde oss igjen med litt vinterfiske. Me gjekk til Valebrotet denne gongen, der er det minst 70 meter djupt og me måtte innsjå at me ikkje har rett utstyr til slikt fiske. Sjukt med strøm, me rek sørover med godt over 2 knop. Innser at sluregir hadde vore topp å hatt under slike forhold. Ikkje napp der

Ved Otterøya var det litt bedre, men ikkje rare fangsten. Dessverre søm det no ein ein-auga banditt av ein sei rundt med Otterøya, dette var einaste som hang på når pilken kom over ripa!!


Me fekk til slutt 2 småpale, (sei) som me kunne gi krabbane i krabbahuset me har i havna.






Sidan me hadde dagen for oss og litt mat i båten gjekk med til Nautøya. Denne gangen på innsida av kaien der Friluftsrådet har laga brygge, her er grunt og ein må vite kvar grunnene er, men vel inne så er det 2-3 meter djupt, men grunt langs kaien. Eg målte 1.5 djupne når me skulle til å gå, då var det fortsatt 30 min til det var fjære og fjæra er ikkje særlig lav om dagen så her må ein følge litt med og kanskje ligge på anker fra kaien, men dette er ein fantastisk plass! 


Veldig kjekt å få lest litt Cliver Cussler igjen, denne boka skal lesast i båten så dette var nok ikkje siste turen i vinter:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar