tirsdag 2. mars 2021

Ny landstraumlader og forbruksbatteri!

 I Januar sa landstrømladeren takk for seg. Mistenker at eit ødelagt forbruksbatteri og/eller stort spenningsfall i havna på grunn av ein brent fase i sprengkulden er årsaken, men, men. Det var berre å bite i det sure eple å kjøpe ny Defa lader. Plug and Play sidan heile landstrømsanlegget er Defa, var ein stor fordel. Dyre ladere, men dei kjem med galvanisk skille, noko som er flott og gir mindre tæring!



I vinter byrja også baugpropellen også å tulle, eg syns alltid den har virka svak og i vinter såg eg kor mykje det blinka i lysene når den var i bruk i mørke! Til slutt kobla den berre inn nokre sek før den «kobla ut», dvs knapt hadde effekt. Det var dermed dags for å finne ut kva som var feil.

No var nok opprinnelig problem at forrige eier hadde putta nedi noko beist av nåken gml solcellebatteri. Proff batteri skulle det vere, men dei gav neppe nok strøm til baugpropell, sikkert flott til resten av forbruket, men som ein ser, det eine var sprukke!!! Flaks eg oppdaga det då eg ikkje hadde sett det før dei vart tatt ut




Ideen om Litium slo eg frå meg når eg byrja å studere utfordringane rundt dette. Når baugpropellen står på forbruk får ein ikkje berre problem med lading, men også at Litum batterien ikkje kan gi nok straum. I tillegg til utfordringene er dei fortsatt mykje dyrare også. AGM kjøpte eg til seilbåten og dei holdt i berre 4 år med svært forsiktig bruk så eg valgte 3* Sønnak ER550 115 ah ordinære blybatteri denne gangen, godt hjuloe av 1.500 pr stk hos THansen. Me ligg sjelden lenge på samme stad og har 150 watt solceller som gir overraskande bra med påfyll.

Dette er dual batteri som både skal kunne brukast på start og forbruk. Med 3 slike får me dermed mykje straum til baugpropellen sjølv om det er langt strekk då NB ikkje har opplegg med eget batteri ved baugpropellen. Det vart utfordrande å få på alle ledningene som skulle på, men det gjekk greit og no er det som om me har fått dobbelt så sotr baugpropell, veldig fornøyd!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar