lørdag 18. mai 2024

Ny tur 18. mai…

21 grader kl 10 er ikkje kvardags på Vestlandet så når alle forpliktelser var unnagjort utpå ettermiddag fekk eg og fruen eit par timer på fjorden før pliktene kalla igjen.

Me ankra opp litt sør for Valevåg ved Risøy som brukes som «rundingsbøye» i nokon av Tirsdagsseilasane. Null vind her er sjeldent.

Reker på menyen, rein idyll. Fekk fiskegarn på kroken når ankeret skulle opp, men fekk det av etter litt om og men..

Gløymte å ta bilder så får bruke dokumentasjon frå SmartBoatOne appen. Vart litt overraska over at det vart 19 nmil i dag, men litt fram og tilbake. Ankra ved Naustvågen etter at June reiste heim og tok ansvar heime. I dag var det sailaway for Johan Castberg med 5000 på JulieBergan konsert!!




SeaJet 027 var tungt å smørje på, men ikkje antydning til mindre fart enda. 20 knop på 38 liter med full dieseltank er ikkje verst. Har fortsatt litt opp til maks marsjfart, men går mykje på 17-18, då er båten mindre var og krev mindre bruk av flaps enn i 20+ knop.

16,50 for literen, går på ned, men er dyrare enn andre stader. Bra eg får ca 1 kr i rabatt, det gjer at eg fylle så ofte eg kan på Skjersholmane sjølv om båten no ligg på Leirvik…






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar