Etter å ha pussa båt og propell 100% rein og lest sagaen om Myrset familien under 2. verdenskrig gjekk eg tilbake til Leirvik fir ein svipptur heim og ein sjekk på kvifor det kjem ørlite vatn frå under dørken bak...
Det viste seg å vere ferskvatn som nok var blanda med noko veldig sterkt for der svei godt på tunga når eg smakte forsiktig. Kan ha lagt under dørken lenge og når me fekk lekkasje i dusjen så har det rent over kanten... Ikkje noko som lek no iallefall, men hekkan å få opp dørken...
Ny dusjslange som er 3 meter lang og ikkje minst nye pakninger som held den heilt tett kom også på plass i nattens mul og mørke😅 Endelig kan me dusje inne på akterdekket heller enn å stå ute på plattforma, me dusjar ofte når me e på fjorden sidan det blir litt rart å dusje i havn, ute. Båt med dusj inne hadde vore kjekt..:
Dagen etter skulle eg grytidlig opp på mcen for å sjekke leiligheten på fjellet.
Etter 355 km på MCen og vask av leilighet samt div aktivitet heime var det deilig å sette kursen mot Eggøyo i dette vanvittige fine veret, det er eit eventyr!
Plutselig slo det meg at kvifor ikkje stoppe å bade på veg ut til Eggøyo, dermed kasta eg anker ved Nautøya og stupte uti og svei ein burger samtidig! Så sjukt digg
Det som ikkje var så digg var at dassen plutselig var tett. Skulle ein snartur før eg gjekk videre til Eggøyo, men då var det plutselig 100% tett. Prøvde alle "dirty tricks" utover uten hell. Så dermed blir det ny jobb på mandag. Håpar det ordnar seg greit, men det er jo ikkje ukjent. Skulle ha bytta slangen som eg veit har fått mykje belegg som er heilt normalt, no er pasasjen knapp. Men eg har eit triks med høytrykkspyler og takrenneslange, der dyse på slangen spyler bakover, den har me fått opp dette med 2 gonger før, bra der skjedde før me var langt avgårde
Vel, nyt no late dagar i Eggøyo saman med familie som me ikkje ser ofte så det er veldig kjekt. Det går i ny bok, bading i vatnet på øya samt sosialt og lange frokostar. Heilt topp!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar