Nesten ein måned har gått sidan vår einaste tur med nybåten etter at den kom heim. Vel, seiltur i Kroatia og travlt på jobb, i kombinasjon mer dårleg ver får ta skulda.
Tok ein tur rett før mørket. Prøvde den 3500/3600. På 3600 er det 85% pådrag iflg motorinstrumentet. Fortsatt eit turtsll ein kan gå med, fart 21,5 knop. Men eg syns det er mykje støy over 3200 slik den er no. Men merkar at opptil 3200 så oppfattar eg den s veldig behagelig så det skjer noko over der.
Har avtalt sjekk av motoroppretting, det blir neppe mindre støy av det, men greit å få det gjort uansett pga den ganske så varme hylsa (60 grader)
Trur uansett støy at me ofte vil gå med 2900-3200, 14-17 knop. Då er det veldig behagelig og me går ikkje så lange strekk at farten betyr så mykje
Båten er nesten som ny innvendig, med unntak av kjøleskuffa. Kva forrige eigar har drive med her er uklart, men den vart veldig fin no, men litt hakk er det fortsatt nederst. Viser ikkje på bildet, men no ser den iallefall mykje finare ut!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar