Når me kjøpte båten forklarte eigar at impelleren aldri hadde vore bytta, berre inspisert! Planen var å byte den før me la sørover, men det viste seg å vere "mission imposible". Umulig å komme til. Dessuten hadde me fårt feil ters hos Viknes før me reiste nordover!
Ikkje akkurat lett å komme til...



Denne gongen tok eg ut alle 3 batteriene. Det er også ganske krevande sidan dei kvar er 142 ah og 37 kg, men heilt nødvendig for å ha ein sjans på impelleren. Berre det å få av dekselet er ei akrobatisk øving, med ekstrem risiko for å miste skruar og skive i kjølsvinet...
Men med mykje tolmodighet og ein impeller innsausa i vasselin, fekk eg byta den til slutt. Den gamle impelleren var nesten som ny så eg tvilar på at den aldri har vore byta, det viser kor viktig det er å skrive ned kva du gjer med motoren... Impelleren skal kunne gå 1000 timar, men den får ikkje stå i 10 år, neste gang, men kansje 5 år er greit. Iflg Yanmar er dette ekstrem kvalitet på ifht dei uroiginale, nesten som eg trur på det nør eg såg tilstanden på den gamle... Kostar 1700 kr også så den bør vere knall god:)

Olja vart bytta før me fekk båten, men den gyllengule fargen hadde endra seg til ganske svart, så eg tenkte at det var greit å ta den no, sjølv om intervallet er 250 timar og den berre har gått 70 timar.
Dulling med motorane er eg kjent for, det er veldig kostbart utstyr så kvifor spare på slikt:)



Eg vart overraska over at det nye filteret var mindre enn det forrige, men etter sjekk med Yanmar i Røyksund som igjen sjekka med Yanmar sentralt så stemmer det at det har blitt skifta olje filter til denne motoren i 2021. Selgar brukte eit filter han hadde liggande. Etter byte har motoren ett hakk høgare oljetrykk (4,2 bar vs 4,0), også dette normalt iflg Yanmar.
Eit anna spørsmål var oljeforbruket på turen sørover, Etter oljeskiftet fylte eg 9 liter på og fekk 8,5 liter av. Då er me 2 mm over der me var før så eit forbruk på mellom 0,5-1,0 liter. Antakelig 0,7 liter. Med 60 timar nesten kontinuerlig på 3200 o/min er det heilt normalt seier Yanmar. Antar det ikkje blir noko merkbart forbruk frå no av nør det maks blir eit par timar i strekk på marsfart!
Eg likar å ligge litt under max, no er me på 80% mellom min og max på pinnen. Sørover måtte me ta av 1 liter før me kom ned på max, mulig eg skulle tatt meir av også, ikkje alle motorar likar å gå med max, slik var det allefall på Volvoen, men på denne er det veivhus lufting rett i luftfilteret og det finnes ikkje antydning til oljesøl der... Vel, kjekt å bli kjent med ein ny motor. Det er jo også ein hinsides fin lyd i ein 8 cyl motor som dette...
Skifta også olje og filter på giret, filteret var skittent, det viser seg at det også er ein sil på giret som eg ikkje visste om når eg bytta så det blir nytt oljeskifte til våren for sikkerhetsskuld.


Det ser verre ut på bildet, men heilt klart modent for bytte. Eg hadde bytta girolja i Nord-Norge hadde eg vist at det var så skittent, men olja på pinnen såg heilt ny ut så filteret har gjort jobben, den såg fortsatt fin ut når eg no bytta...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar