Eg må innrømma at julelys på båten, den såg eg ikkje komma. Eg har alltid syntes at det er dill med jul, men ja, har vel mjukna med åra:)
Dette kom på plass både fordi det kan ende med båt-jul i år. Leiligheten på fjellet vart leigd ut for 6 dagar og då var det vanskeleg å sei nei, sjølv om me alltid har brukt den sjølv i romjula.
Med utleigd leilighet opnar det for muligher til å bruke båten. Det er jo ikkje så stikke under ein stol at det er stor forskjell på komfort i 32en vs 870en. Kanskje enda meir når det no ikkje er aktuelt å bruke akterdekket, men først og fremst er det jo komfor, dusj og betre plass over alt som bidrar til dette.
Då krysse me fingrane for godt ver i romjula så det blir ein tur til Bergen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar