Flott lørdag som var satt av til ein lenge planlagt vennetur.
Litt hektisk jobb for å fullføre polering av overbygg før turen, bra å ha press på seg. Rex frå Båtpleiebutikken og gule skumpads frå Biltema fungere utrulig bra på matte flater! Blanke og fin no, unntaket er hardtoppen. Har kun tatt der ein ser😅
Sjølv om det vart gjort med litt harelabb så tok det mange timar over fleire dagar.




Varmt sjølv om det var skiftande sol og overskya. Me har aldri lagt oss i Mørlavågen før, me rek innom og såg det var plass på eine sida av den nyare brygga frå Fritidsrådet.
For første gong gjekk me heile øya rundt, 3.3 km, inkl Østersdammen i vest. Fint tur, men våt i terrenget!
Bading når me kom tilbake, 16.1 grad er greit forfriskande
Reker til middag og retur først 9-10 timar seinare, sånn er det i godt lag, tida flyr.
Kjempefin tur
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar