June kom heim frå Nord-Norge dagen etter meg, søndag. Mandag kveld var me klare i båten. Det er alltid noko jobb, eg tok fram gummibåten eg kjøpte brukt for 2 år sidan, litt spent på om eg hadde kjøpt katta i sekken, men den såg veldig bra ut! Suzumar Vib 220. Eg går mykje barfot om sommaren og då er slik mjuk høgtrykksdørk nydelig


Kjekt trekk fulgte med slik at ein slepp å ause den, men blir neppe mykje brukt.
Eg har ikkje fått tak i snap daviter heller, men 24 kg gummibåt var lett å sikre bak der uten snapp. Gull med dei tre "augene" som står innerst på badeplattforma, dei gjorde det lett å sikre anker og ankertau også. Ny midlertidig løysing som fungere greit, men saknar fjernkontrollen og vinsjen.

Ny ankerluke frå Skorgenes fekk eg og montert, den gamle var full i hål etter ankervinsjen.

Eg sjekkar grovfilteret på dieselfilteret nøye og ofte. Denne gangen fusha eg ut all diesel. Ingen tegn til dritt eller vatn! Eg tørka reint, fylte opp med diesel og bytta filteret sjølv om den gml var ganske reint. Ikkje her ein skal spare penger...


Me laga oss Spagetti og kjøttsaus nedover mot Bjellebøvågen, men det vart mykje sjø så maten måtte stå i pannene i vasken til me var i le for vinden og ferdig fortøyd.
Liten rotur oss to i 220 gummien, ikkje større enn den må vere, men det blir berre eg som brukar den, mest for sikkerhet å ha den med...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar