onsdag 29. juli 2026

Sommarferien 2026 - Dag 3

​Eg starta dagen med eit bad, forfriskande. Eg rodde ein tur med jollen før me gjekk tll Skånevik som første stopp i dag. Jollen var fin å ro, tross størrelsen


Nordavind gjorde det litt utriveleg å Skånevik, men me fekk gjort der me sku der før me la kursen mot Årbakka. Første del av sommarferien i båt blei i år styrt av at me skulle på Palepop på Stolmen fredagen. No var det onsdag

Oppover Høylandssundet fekk me kjenne frisk nordlig bris/liten kuling, men 32en mukkar ikkje av slikt. Den eine meteren på skroglengde vs 870 har gjort at den kløyver motsjøen bedre. Men fult ferielasta kjenner eg at me blir baktunge...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar