Hausten har fortsatt med mykje dårleg ver og det har også vore ei hektisk tid, mellom anna pga sal av fjell-leiligheten.
Ergo, lite bruk. Ingen turar i oktober er unormalt til meg å vere. Ein kort tur i slutten av september og så vart båten liggjande til 8. november før neste tur. Målet er ein tur minimum for å kjøre motor varm kvar 3 veke...
Men 8. Nov vart ein flott tur, nokre timar innom Løkjelsøy før eg returnerte til havna og fekk skifta olja etter 95 timar og ganske nøyaktig eit år sidan sist. Status er ca 0,7 liter oljeforbruk på denne perioden, det må vere heilt perfekt...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar