torsdag 19. januar 2012

Dvale

Båten har gått heilt i dvale sidan preseningen kom på, men i kveld fekk motor og anna utstyr varma seg litt igjen... Litt krim vart det tid til medan motoren fekk bli gjennomvarm:)



Sendt fra min iPhone

søndag 1. januar 2012

LOGGBOK 2011

Me skriv 2012 med 2 timar og det er på høg tid å gjere opp Loggboka for 2011. Som ein ser nedanfor har båten vore mykje i bruk også i 2011, litt meir enn i 2010. Denne sesongen vart i tillegg litt prega av dårlig vèr og 3 veker på verksted i mai for montering av nye vindu.

TALLENES TALE!
Båten har vore i bruk 64 dagar, då rekna alle turar der det er løyst tamp eller båten har vore på tur og me har budd i båten. Altså alt frå ein time på fjorden til sommarferie. 1 døgn meir enn i 2010.

Me har overnatta i båten i 32 døgn, der av 14 med alle ombord, her er det altså ein del regattaovernattingar og transportetappar der eg har vore åleine eller med mannskap. Også antall overnattingsdøgn er eit døgn meir enn i 2010.

Av 64 dagar har 17 dagar har gått med til regattabruk, eit døgn mindre enn i 2010.

Eg er overraska over at det var så likt som i 2010, men båten vart brukt svært mykje frå me fekk den tilbake med nye vindu.

Motortimane har auka frå 385 i haustferien 2010 til 512 timar ved siste tur i desember.

TURBRUK
Me fekk ei overnatting på Løkjelsøy allerede i påsken, men turen til Fedje gjennom Alverstraumen i forbindelse med Kristi Himmelfart vart turhøgdepunktet i år.



Amund på PernillesKaffe på Fedje!


FRI fortødd på Fedje!

Før ferien fekk me også ein flott tur saman med Ole Jacob m/fam i Draum til Ulvesøy i Pinsen. Gode naboar av dei igjen kom også og turen vart flott, heilt til 8 Bømlabåtar kom og la beslag på Ulvesøya, då kasta me loss og gjekk...

Fri og Draum ved Ulvesøy

Sommarferien på 9 døgn vart også bra, dårleg vèr i periodar gjorde at det "berre" vart tur/retur Bergen, med avstikkarar til Os ogVinnesholmen ved Fusa og 3 døgn i Austevoll fordelt på eit døgn der til og to døgn på returen. Høgdepunkt vart det likevel, med KVAL i sikte inn mot Bergen, flott sommarver og monster gråkrabbar på Vinnesholmen og sjølvsagt møte med Draum og den sin besetning på returen i Austevoll.


KVAL i sikte, stort!


Endeleg kom finvèr, tid for tørke!


Ole Jacob, Åsa og Amalie

Etter mykje dårleg haustver kom det ei flott helg i september, turen vart lagt til Uskedalen saman med våre gode naboar i sin nyinnkjøpte Joda 850.


Pølsefest med gode naboar etter frisk fjelltur i Uskedalen


Me håpar det vert mange turar både med dei gode naboane, med Draum og andre også i 2012!


REGATTA

Det vart "berre" 6 av 16 tirsdagsseilasar i år, vindusreparasjonen må ta skylda for at det ikkje vart "krus" i år. Men det vart deltakelse i heile 8 andre regattarer i året som gjekk. Nedturen i år vart DNF i Stord Rundt, ei flott oppleving vart det likevel å seile inn i natta utover Selbjørnsfjorden og nedover Nyleia saman med 29 andre båtar. Her skal det mykje til for at me ikkje stiller igjen i 2012.


Øystein i Håkonarseilasen

Oppturen kom likevel utover hausten, fyrst som nr. 2 på del 1 av Håkonarseilasen DH saman med alltid positive Øystein Nygård, dette viste at det var mulig og utover hausten gjekk det betre og betre på tirsdagsseilasane også.

Det store øyeblikket i årets sesong kom i Bergen Singlehanded 10 september. Nr. 19 overall av 62 startande båtar og nr. 6 av 22 i klassen var langt over forventningane og eit flott resultat for meg og FRI.


Dei beste rundar i Bergen SH og FRI sin blåe gennaker er ikkje langt unna!


KVA SKJER MED S/Y FRI I 2012?

Til tross for at me alle kunne ønska oss betre vèr i 2011 har sesongen vore veldig bra og gitt inspirasjon til 2012 både på tur og regattafronten.


Familibildet på toppen av Eggøya, ved Varden!

Nytt storseil og gennaker på rulle er i bestilling. Me har seriøse planar om Sørlandet og aller helst Danmark i juli og når det gjeld regatta så har Tørres tatt sjansen på å stille saman med skipperen "John best åleine Bjordal" i årets utgåve av Seilmakeren Doublehanded tur/retur Askøy-Florø. Videre er Bergen Singlehanded sjølvskriven saman med aller helst alle dei lokale regattaene, sjølv om det nok skal halde hardt. "Krus" (min 8 deltakelsar) i Tirsdagsseilasen som er også eit viktig målet for 2012!

søndag 11. desember 2011

Pakket og klart...

Tida er overmoden for å pakke inn båten når det fyrst skal gjerast. Fyrst måtte div mål tas til dei nye seila og ikkje minst, septikken måtte tømmast skikkelig. Etter å ha sett orkan-kasta på nært hald for to veker sidan var det klart at prosjektet med å dekke til heile båten var litt urealistisk utan å få noko spesialsydd så eg gjekk derfor for den enklare varianten med presenning frå masta og bak, fokus har vore å få det rimelig tett langs alle kantane så ikkje vinden får tak, så vil tida vise om ein har lykkast, men det er ein veldig tung presenning så eg trur den vert liggande. Sidene er stramma opp med vannkanner der fendrane er nytta for å sikra at ikke tau og kanner filer på skroget. På bommen og på øvrige stadar der kalesjen kan file har eg kutta opp to gml madrasser og stripsa fast, som beskyttelse













Synd Bilteam ikkje hadde ein størrelse som passa betre, her må me tilpasse til nest år.


Årets siste tur vart ein særdeles kort tur, men i flott ver...


Vel, før innpakking måtte div mål tas til dei nye seila, dette MÅ sjølvsagt stemme så det er behørig dokumentert med foto slik seilmakar ber om







mandag 5. desember 2011

Nye seil bestilt!

Storseilkjøpet låg i korta, men begrepet ei "pølse i slaktetida" er velkjent i familien så i prosessen dukka fort spørsmålet opp om me også skulle gå for eit seil til, når ein fyrst holdt på:)

Vel, det har vore "litt" tankevirksomhet rundt temaet. Skulle me no gå for maks resultat på regattabanen med genoa 1, løygang i cockpit mv eller skulle me fortsatt dyrke den ypperlege kombinasjonsbåten med sjølvslåande fokk på tur, utan eit tau å sjå i cockpit og tenke enda enklare seilhåndtering BÅDE på tur og i regatta?

Vel, valget enda på BÅDE OG med eit skikkelig saftig storseil, støypt i Vectran/Technora frå Boding. Dei kallar det for G2 Membrane med taft slik at holdbarheten er ivaretatt (8-10 år). Seilet er støypt etter svært moderande teknikk med bøyde fibrar, slik vil det sjå ut:)


Genoa 1 vart valgt bort, det blir for mykje styr utan drilla mannskap, båten er ein fokke båt og fortsatt ein turbåt for familien og dermed syns eg at ein maksimalt flat rullegennakere er mykje nyttigare totalt sett enn ein genoa 1 så får me hugse på det dei gongane me vert liggande etter på kryssen i lettvind. Spørsmålet som jo vert veldig spennande er kor mykje nytt storseil har å seie for performancen, eg kan vel avsløre at forvetningane er ganske store.

Nedanfor har me ein slik rullegennaker av typen Code 1 på ein Omega 42 (vår vert kvit). Som ein ser er denne betydeleg mindre enn ein normalt gennaker, men 60 kvm vil nok dra skikkelig avgårde likevel på skarpe vinklar, sidan seilet ikkje er heilt Code 0 går den ikkje fult så høgt, men får til gjengjelde ein større spekter å spele på og går derfor betydelig lågare enn ein Code 0 og skal dermed bli eit svært anvendeleg seil. Det er tre ting eg på papiret syns er genialt med dette seilet. Det fyrste er sjøvlsagt at det er på rulle, supert til korte legg, tur og singel/shorthanded, hektiske tirsdagsseilasar etc. Setting og berging vert mykje lettare. Det andre er prisen som inkl rulle er langt under ein genoa 1, seilet er ikkje så stort og er i nylon, rullene har blitt veldig rimelige i det siste. Det siste er at det er sydd slik at det målar inn som ein gennaker og dermed gir det ikkje tillegg i LYS slik ein Code 0 jo gir i stortmonn (Code 0 gir 0.02, Code 1 gir ikkje tillegg utover gennaker som me allerede har innmålt). 

FRI seiler altså også til neste år med 1,20:) Me kjem nok til å forske litt meir på å seile den store gennakeren på bom for å kunne seile lågare enn i dag, i såfall går me opp til 1,21:)

Boding var klart rimeligst og saman med UK den som fulgte best opp, eg syns prisane til Boding virka for bra, men har fått fleire referansar av kjende seilarar på vestlandet også Hanse eigarar som er veldig nøgde med seila så eg føler meg trygg på at valget er rett:)

Vel, snart snur sola! 





Etterlengta

For eit par veker sidan fekk eg tatt ned segla og layzybaggen, men det har gått 5 veker sidan motoren forrige gong var i gang, det er nok det lengste opphaldet siden båten var ny. Ekstremt hektisk haust må ta skylda, men i går var det endelig tid til kvalitetstid med FRI. Prosjektet var å få i gang varmaren igjen, tett filter, men no har eg venta i vekevis på nytt så eg tok drittjobben med å vaske dette "eingongsfiltere" for å få fyr i sakene igjen. Samtundes var det obligatorisk motorvarming ikobla i båsen for å få skikkelig driftstemp på motoren og moing av øvrig utstyr som TV, kjølekompressor, logg, autopilot. Med lufttørkar i båten er det knusk tørt over alt, til og med dyna i akterkabinen var knusktørre! Beste investering på lenge...

Så får me sjå om tildekking av presening blir som tenkt, etter vinden forrige helg prisar eg me lykkelig over at eg ikkje hadde komme i gong med det prosjektet, men vinteren tærer på sprayhood og cockpitkalesje så eg tek vel sjansen snart...

fredag 25. november 2011

Nytt Storseil?

Storseilet på Hansen er av den billige sorten, dei 4 gjennomgåande spilene bergar nok situasjonen ein del, men det vert aldri flatt og det er jo ganske så typisk at me henge svært god med sålenge det ikkje er lengre strekk med kryss. Når ein då i tillegg jevnleg høyrer om Hansebåtar som har hatt svært god erfaring med å skifte til skikkelig storseil så vert det veldig fristande. Storseilet er "motoren" i Hansebåtane og bør som fokka vere av svært strekkfast kvalitet skal ein få ut potensialet.

Spørsmålet er derfor om tida er komen eller om me skal gå ein sesong til. Hausten er rett tid å bestille seil på så det hastar litt, snart er dei gode haust tilbuda over. Det haglar inn på tilbud etter nokre kjappe mails rundt om i Norge og Sverige. Det som er mest imponerande er alle dei fantastisk flotte navna dei har på seila sine, Tape Drive Carbon Fusion, Membrane G2 Matrix, FiberTech, HPC, HPR, Flex Aramid osv osv...

Vel, eg satte meg brukbart inn i dette når eg kjøpte genoa 3en for 2 år sidan så eg klarar no ganske greit å sammenlikne sjølv om det kan virke som dei i størst mulig grad ynskjer å forvirre med egne produktnavn.

Held me oss til Aramid-familien (Carbon er Aramid) så er til no Elvstrøm spesielt dyre, 42.000 for EPEX seil, antakelig eit flott seil, men 42 høvdingar? Hallo. UK har nok eit svært god tilbud på 36.000 for Tape Drive med Spectra duk og Carbonfibre. Sikkert litt til å presse på vil eg tru hos dei fleste. Boding er klart rimeligast med 29.500 for G2 Matrix Membrane, men ser at ikkje alle er nøgde på nettet så det er nok ein grunn til at dei er rimelegare enn andre... Gran skal ha 38.000 for HPR, litt skuffande at dei var dyrare, sist gong var dei svært mykje rimelegare enn alle andre, har vore svært nøgd med det rimelige laminatseilet eg kjøpte frå dei, samme type kvalitet som det i storen skulle dei no ha 30.600 for, det er på linje med dei andre, med unntak av Lundh og Boding, spes Boding som berre skal ha 21.500 for eit slikt seil, det er jo rimeligare enn Dacronseil hos dei andre... Ugler i mosen, men fristande sjølvagt...

Time will show... Her ser ein X-34 med Matrix Super Duper Delux frå Boding...


søndag 13. november 2011

Levert!

Kalesjen kom på etter mykje fundering, bøylar måtte kuttast betydelig før det så greit nok ut, ikkje perfekt, men det spørs om passformen til Alf H er god nok til at det blir perfekt, eg har mine tvil, men uansett, stramt tak og sider så får ein leve med litt rynker her og der...






I kveld kom M/S Nyksund og vips var båten på veg nordover, bra det var blikkstille. Ganske spennande med båtløft i romsjø i mørket, men det gjekk 100% fint og med seilforeningen sin jolle på slep kom me oss til land igjen, også:)





fredag 11. november 2011

Trøblete kalesjemontering!

Alf Hansen lagar fine kalesjar, men dei tre eg til no har vore bort i har alltid vore noko kluss med og det slo sjøvlsagt til igjen. Bøylane er for lange og vinkelen på taket er ikkje riktig. Det siste gjorde at det såg greit ut bak, men kalsjen kryp oppover framover heilt til den akkurat går over kanten framme. No lyt me ta ned heile kalesjen ned 2-4 cm, samtidig som me tek litt på den fremste bøylen for å få den rett nede.

I teorien enkelt, men det tar tid før ein klarer å bestemme seg for kvar ein skal sage og skru samtidig som tida renn fort no, levering søndag og 60-årsdag i morgon, men stiller med friskt mot i morgon tidleg så får me sjå om det lar seg ordne på nokre laurdagstimar, hvis ikkje blir det båtlevering med halvferdig montering av kalesjen. Håpar me unngår det!

NB har ikkje tatt seg brye med å lage ein stad du kan tre inn kalejsen i sporet som går i vindskjermen så det lyt ein lage sjølv...


Silikonspray er greit å ha, det vart rimelig knapt å få kalejsen rundt i svingane på vindskjermen


Sålangt så bra...

Her har me stramma opp kalesjen bak, perfekt...


Så dukka problemet opp som me burde ha oppdaga tidlegare, men bøylane er montert på millimeteren etter boka, Alf H er også enig i at dette er feil...

søndag 6. november 2011

Ny fisketur!

I dag skulle me på fisketur alle 4 og til slutt kom me oss avgård etter at nokon hadde stått heime å venta og to andre hadde sotte i båten å venta ei stund!





Nåken jakta fisken, andre gotteriet:)




Kanskje litt "for" kjekt med motorbåt, bra det berre er ei veke til den fer nordover:)





Ein liten "kaffi og kake stopp" på Føyno, fisken e i skrivande stund fortært, da byrjar å bli lenge sidan me åte egen fiska fisk gitt...




Ja, da e altså ikkje noko tullebåt... sjøl om da e motorbåt, rett og slett rasande kjekk fleirbruksbåt

lørdag 5. november 2011

Fisketur!

Når me har høve må me smake litt på "vårt forrige liv", så i dag tok eg og Ola ein ørliten fisketur til Tittelsnes med svigersbåten, sidan kalesjen sjølvsagt ikkje kom som avtalt i dag! Her var det nesten ikkje mulig å få snøre ned til stor torsken, masse store pala og faktisk 3 makrell! 6 digre paler på samtidig fyrst gangen gjorde snøret så tungt å dra opp at eg såg for meg ei kveite på 50 kg, men den gang ei:)


Stilig og praktisk med dekkslys, jammen vert det tidleg mørkt no...


Litt tidlegare på dagen fekk endeleg Lærlingen ein etterlengta vask og eigaren må sjølvsagt lære seg å ta ansvar for utstyret!