tirsdag 12. mai 2009

Tirsdagsregatta 12. mai!

Mannskap i dag var Leif Rune og Roald. Med Leif ombord blir det meir orden i sysakene, me fekk ein bra start og holdt god båtfart heile vegen. Flott ver med sterk vind, spesielt frå Klasen og ned til Hestholmen der me hadde 10-13 m/s, etter Otterøya på tilbakevegen roa det seg noko. 8,5 knop på topp er me fornødd med på flat sjø. Hektisk runding ved Hestholmen der Greka kom på innsida av oss, og det vart dermed ei tett og spanande runding i den sterke vinden. På returen fekk me igjen sjå at Greka (Hanse 371) og vår 350 går svært likt, denne gongen trekte me det lengste strået frå Hestholmen og inn, mykje grunna god seiltrim frå Leif Rune og god jobbing på storseilet av Roald.

Me vart nest sist, men syns likevel det gjekk bra. Konkurransen er svært sterk, synd me ikkje får oppgitt tidene i resultatlista, det kunne vore interessant å sett kor mykje bak me var dei andre plassane:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar