tirsdag 23. juni 2009

Svipptur til Eggøyo!





Det vart ikkje tid til overnattingstur denne helga, men eg og mor fekk seilt til Eggøyo på søndagen, åleine. Ongane reiste med besteforeldra i Rodmannen frå Fitjar. Svipptur til Eggøya betyr meir tid i båten enn på land, utan at eg ser heilt problemet med det:) Vel, frisk bris i mot gjorde at me måtte gå for motor frå Ålfora for å rekke middagen, etter at me hadde krysse frå brua i mellom 6,5 og 7 knop, deilig, men ser at eg får ikkje nyseilet til å stå skikkelig på optimal høgde, enten er det storseilet som ødelegg vindstraumen eller så er det skjøtinga som ikkje blir optimal mellom under og overvanta. Det er vel litt av kvart er eg redd, men det er jo det som er gøy også. Genoaskinner på hyttetaket blir nok eit prosjekt me lyt vurdere med tid og stunder. Ser ut til at dei har slurva på 350en og ikkje lagt i forsterkningar som dei har gjort på 370 og 400. Grrr... Dermed er det ikkje berre å skru det fast, her blir det eit større prosjekt slik eg ser det no.

Heim vart det fløteseilas, spridde seil og mellom 6 og 8 knop heile vegen til brua, derfrå vart det motor for å rekke legging:) Det er jo slikt me har motor for. Ca 37 nmil logga mellom kl 11 og kl 19 inkl. 3 timar i Eggøya er ok til å vere søndagstur... Ser at den sjølvslåande fokka skal på til ferien, nyseilet er supert, men det blir meir pes å krysse på relativt korte legg med dette seilet når ein må gjere slaga sjølv i kombinasjon med nyskjerrige fingrar som er overalt... Slik det jo blir med ongane ombord...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar